Kvartventil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ein kvartventil er ein ventil som på messingblåseinstrument senkar tonehøgda ein kvart, det vil seie fem halvtonar. Kvartventilar er vanleg på bass- og tenortrombonar der den blir styrt med venstre tommel. Han er også ofte å finne som ventil nummer fire på tuba, eufonium, horn og pikkolotrompet.