Eufonium

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eufonium er eit musikkinstrument i massingblåsarfamilien. Det har B eller C (sjeldan) til grunntone - éin oktav under trompeten. Ein eufonium har 3-4 ventilar, og ser ut som ein liten tuba, og kan òg kallast tenortuba. Namnet eufonium kjem frå gresk eufonion som tyder velklang, og instrumentet har ein varm, fyllug klang. Ein person som spelar eufonium kann kallast eufonist.

Eufonium har til liks med tuba konisk boring (røyrdiameteren aukar heile vegen). Motsetnaden er trombone- og trompetfamilien som har sylindrisk boring (diameteren er konstant fram til klokkestykkjet). Dette gjev instrumentet ein heilt annan klang enn trombonen, jamvel om dei spelar i same registeret; eufonium har ein mykje rundare klang.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Eufonium er eit mykje bruka instrument i ulike slag brassband og janitsjarkorps, og får her ofte tilskrive viktige røyster og soloar. I orkesterlitteraturen vert han derimot sjeldnare bruka, og er ikkje eit fast instrument i symfoniorkesteret. Endå vert det nytta av og til, til dømes i Gustav Holsts stykkje Planetene.