Kvevri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Antikk kvevri i det georgiske nasjonalmuseet i Tbilisi.

Kvevri, eller qvevri, er store eggforma kar av leirtøy som tradisjonelt blir brukte til gjæring, oppbevaring og lagring av georgisk vin. Etter at druene er pressa, blir safta, drueskalet, bladstilkane og frøa lagra i kvevri-kar. Karet blir deretter forsegla og grave ned i bakken, der vinen gjærar frå fem til seks månader før han blir drukken.[1]

Den tradisjonelle vinproduksjonen i kvevri-kar pregar livet i mange lokalsamfunn og utgjer ein viktig del av den kulturelle identiteten og kulturarven, blant anna i den georgiske songtradisjonen.[1]

Metoden blir brukt i heile landet, med enkelte lokale variasjonar. I Kakheti blir heile pressresten brukt, mens dei i Imereti berre bruker ein tredel av denne.[2]

Den ferdige vinen varierer i karakter; dei raude vinane er gjennomgåande robuste, mens dei kvite har ein tydeleg, mørk farge, ein kompleks aroma og velstrukturerte tannin.[2]

Produksjonen av vin i kvevri-kar, ein metode som er åtte tusen år gammal, blei ført opp på UNESCO si liste over meisterverk i munnleg og immateriell kulturarv i 2013.[1][2][3]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Ancient Georgian traditional Qvevri wine-making method». UNESCO (på engelsk). Henta 8. juli 2023. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Georgian Amphora Wine | Local Wine (varieties and appellations) From Georgia». www.tasteatlas.com. Henta 8. juli 2023. 
  3. «kvevri – kvevri.org». www.kvevri.org. Henta 8. juli 2023.