Den spesielle relativitetsteorien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Partikkelfysikk
Teoriar
Standardmodellen
Kvantemekanikk
Kvantefeltteori (QFT)
Kvanteelektrodynamikk (QED)
Kvantekromodynamikk (QCD)
Den spesielle relativitetsteorien
Vekselverknad
Sterk kjernekraft
Elektromagnetisme
Svak kjernekraft
Gravitasjon
Fargekraft
Eigenskapar
Energi
Rørslemengd
Elektrisk ladning
Spinn
Paritet
Isospinn
Svakt isospinn
Fargeladning

Den spesielle relativitetsteorien skildrar korleis naturen oppfører seg når objekt fer med særs ulik fart i høve til kvarandre.


Den spesielle relativitetsteorien vart resultatet av eit prosjekt i fysikken på slutten av 1800-talet, som gjekk ut på å sameina Maxwells elektromagnetisme og Newtons mekanikk. I denne prosessen støytte fysikarane på ei mengd teoretiske problem. I 1905 publiserte Albert Einstein ei løysing som skulle få omfattande ringverknader:

Einstein sine postulat[endre | endre wikiteksten]

Ifylgje Einstein byggjer teorien på to postulat:

  1. Relativitetsprinsippet, som seier at dei same naturlovene gjeld i alle tråleikssystem, fyrste gongen formulert av Galileo Galilei.
  2. Prinsippet om den konstante lysfarten, som inneber at lysfarten i vakuum er nøyaktig den same for alle observatørar, uavhengig av farten deira.

I artikkelen synte Einstein at dersom ein tek utgangspunkt i desse to prinsippa, er det mogleg å fletta elektromagnetismen saman med resten av fysikken utan å støyta på sjølvmotseiingar.

Ein vitskapeleg revolusjon[endre | endre wikiteksten]

Dersom den spesielle relativitetsteorien skulle verta akseptert, måtte ein forkasta mange vedtekne sanningar frå det nittande hundreåret. Noko av det ein måtte gje slepp på, var førestillingane om absolutt tid og rom og den universelle gildskapen til Newtons mekanikk. Mysteriet med eteren vart òg løyst, for den spesielle relativitetsteorien gjorde det uturvande med noko medium for utbreiing av lysbølgjer, og dermed trongst ingen eter.

Somme konsekvensar av den spesielle relativitetsteorien står i sterk kontrast til den menneskelege intuitive oppfatninga av naturen, til dømes tidsdilatasjon (tvillingparadokset) og lengdekontraksjon. Teorien gav òg ein enkel samanheng mellom masse og energi: E = mc2).

I dag er den spesielle relativitetsteorien stadfesta eksperimentelt, mellom anna i partikkelakseleratorar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]