Kvinne-FM i sjakk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Kvinne-FM i sjakk (WFM), engelsk Woman FIDE Master, er den tredje høgast rangerte vanlege sjakktittelen som Verdssjakkforbundet FIDE tildeler berre til kvinnelege sjakkspelarar. Tittelen blir vanlegvis tildelt fordi spelaren har oppnådd ein eigen rating på 2100 eller meir på ei offisiell FIDE ratingliste. Tittelen er livsvarig.

Tittelen rangerer under Kvinne-stormeister i sjakk og Kvinne-IM i sjakk, men over Kvinne-CM i sjakk.

Her er også reglar som gir WFM-tittelen automatisk til dei som til dømes gjer gode prestasjonar i Kvinne-verdsmeisterskapen for juniorar. Gjeldande reglar finst i FIDE sin handbok på nettet. [1]

FIDE si ratingliste pr 1. januar 2009 viser at meir enn 926 kvinner har WFM-tittelen.[2]

Det er no (januar 2010) ein norsk spelarar som har WFM-tittelen: Sylvia Johnsen

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]