Kvinne-IM i sjakk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Internasjonal kvinne-meister i sjakk (WIM), engelsk Woman International Master, er den nest høgast rangerte vanlege sjakktittelen som Verdssjakkforbundet FIDE tildeler berre til kvinner. Tittelen er livsvarig.

Tittelen rangerer under Kvinne-stormeister i sjakk, men over Kvinne-FM i sjakk og Kvinne-CM i sjakk.

FIDE innførte tittelen i 1950, då med namnet International Women Master, IWM. Dette var den høgaste kvinnetittelen fram til tittelen Kvinne-stormeister vart innført i 1977.

WiM-tittelen blir tildelt for prestasjonar på eit klart lågare nivå enn den vanlege Internasjonal meister i sjakk-tittelen, og også noko under nivået for FIDE-meister i sjakk (FM).

Krava til WIM-tittelen er i korte trekk at spelaren må ha klart sterke prestasjonar, i 2 eller 3 sjakkturneringar, med til saman minst 27 sjakkparti. Sjakkturneringane må vanlegvis vere på minst 9 rundar. Prestasjonane må etter Verdssjakkforbundet sitt ratingsystem tilsvarer ein rating på minst 2250. Dei viktigaste andre krava, er at spelaren må ha spela mot minst 3 spelarar med WIM-tittelen eller spelarar med høgare rangert tittel i turneringa, at minst halvparten av motstandarane må ha ein offisiell FIDE-tittel, og at minst ein tredjedel av spelarane må vere frå eit anna land.

Det blir også kravd at spelaren på eit eller anna tidspunkt har hatt eigen rating på over 2200.

Her er også reglar som gir WIM-tittelen automatisk til dei som til dømes gjer gode prestasjonar i Kvinne-verdsmeisterskapen for juniorar. Gjeldande reglar finst i FIDE si handbok på nettet.[1]

FIDE si ratingliste pr 1. april 2021 viser at 837 kvinner har WIM-tittelen.[2]

Det er fem norske spelarar som har fått WIM-tittelen: Ingrid Dahl, Ellen Hagesæther, Sheila Barth Sahl, Silje Bjerke[3] og Katrine Tjølsen.[4] I tillegg fekk vi ein sjette spelar med denne tittelen då Olga Dolgova melde overgang frå Latvia til Noreg frå 17. april 2023,[5] og ein sjuande spelar då Viktorija Ni melde overgang frå USA til Noreg frå 14. oktober 2023.[6]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]