Kvinnherad vidaregåande skule

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kvinnherad vidaregåande skule er bygt ut og modernisert. 2. september 2010 vart det nye skuleanlegget overlevert.

Kvinnherad vidaregåande skule (KVV) er ein kombinert vidaregåande skule på Husnes i Kvinnherad. Skulen ligg om lag 1 kilometer sør for Husnes sentrum. Husneshallen er knytt til skuleanlegget, og like nord for skulen ligg Husnes Idrettspark. KVV er ein offentleg skule med Hordaland fylkeskommune som eigar. Skulen har om lag 380 elevar og 60 tilsette. Dei fleste elevane kjem frå Kvinnherad, men skulen har også elevar frå nabokommunane. Audun Bjelland er rektor. Skulen har følgjande utdanningstilbod:

  • Studiespesialiserande med realfag, samfunns- og økonomifag og språkfag.
  • Bygg- og anleggsteknikk.
  • Elektrofag.
  • Teknikk og industriell produksjon.
  • Helse- og oppvekstfag.
  • Restaurant- og matfag.
  • Service og samferdsle.
  • Kvardagslivstrening.
  • Påbygging til studiekompetanse.
  • Innføringsklasse for minoritetsspråklege elevar.
  • Vaksenopplæring innan Helse- og oppvekstfag.

Valekrossen skule er ein sosialmedisinsk skule som er organisert som ei avdeling under Kvinnherad vidaregåande skule. Skulen held til i eigne lokale ved Valen sjukehus og er i første rekkje eit skuletilbod for pasientar ved sjukehuset. Skulen tilbyr tilpassa opplæring på grunnskule- og vidaregåande skule-nivå og har seks fast tilsette lærarar. Administrativ leiar er Sven Løkeland.

KVV kompetanse er eit samarbeid mellom Kvinnherad vidaregåande skule og næringslivet i Kvinnherad. Prosjektet arbeider for å utvikla samarbeidet mellom skule og næringsliv og skipar også til kurs som er retta spesielt mot næringslivet sine behov. Prosjektleiar er Brynjulf Lie.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den kombinerte vidaregåande skulen på Husnes hadde fleire forløparar. I 1961 vart det etablert ein yrkesskule i Dimmelsvik innan maskin- og mekanikarfag. Skulen var eit interkommunalt tiltak, og Rubbestadneset yrkesskule hadde det administrative ansvaret for skulen fram til 1. januar 1976, då den vart slått saman med Kvinnherad gymnas.

Kvinnherad gymnas vart starta opp på Husnes hausten 1972 som ein filial under Os gymnas. Hausten 1973 vart skulen ein eigen, fylkeskommunal skule. Dei første åra leigde gymnaset rom i Undarheim nye skule og Husnes ungdomsskule. Administrasjonen ved gymnaset heldt til i ei brakke som kommunen sette opp.

Hausten 1979 stod ein ny, vidaregåande skule klar på Husnes med plass til 320 elevar. Skuleanlegget bestod av tre bygningar: eit sekskanta teoribygg, eit rektangulært verkstadbygg og ein gymnastikksal som vart forma som første byggjesteg i den seinare idrettshallen (Husneshallen). Arkitekt for skuleanlegget var Erling Skorve. Kunstnarleg utsmykking var ved Gudrun Skeie Stokstad, som hadde laga eit sceneteppe, og Arve Vinje Gunnerud, som stod for ein skulptur som pryda atriet i midten av teoribygget.

Det første året i nybygget hadde skulen følgjande linjer:

  • Allmenfagleg studieretning
  • Studieretning for handel og kontor
  • Studieretning for handverk og industri (maskin- og mekanikarfag/bygg og anlegg)
  • Studieretning for estetiske fag (husstell/husflid)
  • Studieretning for sosial- og helsefag
  • Førebuande klasse

Det gamle skuleanlegget vart etter kvart for trongt og lite tidsmessig. Skulen måtte leiga rom, og elevane vart spreidde på ulike undervisningsstader. Hausten 2008 sette Hordaland fylke i gang eit omfattande utbyggings- og moderniseringsprosjekt ved Kvinnherad vidaregåande skule. Arkitektkontoret Wiberg AS teikna den nye skulen, og OBAS Vest AS var hovudentreprenør. Utbygginga kom på 134 millionar kroner og vart avslutta ved starten av skuleåret 2010/11. Eit nytt tilbygg vart gjort som ei forlenging av verkstadbygget. Andre etasje i verkstadbygget og det gamle teoribygget (hovudbygget) vart bygt om og modernisert. Både hovudbygget og verkstadbygget var tidsmessige uttrykk for 1970-tals-arkitekturen. I ombygginga vart det lagt vekt på å ta vare på det opphavlege arkitektoniske uttrykket samstundes som bygga fekk ny funksjonalitet.

Rektorar ved Kvinnherad vidaregåande skule:

  • Leiv Døssland (1973-1980)
  • Samson Bogsnes (1980-1990)
  • Leiv Guddal (1990-2006)
  • Hilde Gjester-Hoel (2006-2008)
  • Audun Bjelland (2008-

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]