Dimmelsvik
Utsjånad
| Dimmelsvik | |||
| tettstad | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Vestland | ||
| Kommune | Kvinnherad | ||
| Areal | 0,47 km² | ||
| Folketal | 463 (2024) | ||
| Folketettleik | 985 / km² | ||
| Postnummer | 5464 DIMMELSVIK | ||
![]() Dimmelsvik 59°57′14″N 5°58′45″E / 59.953889°N 5.979167°E | |||
Dimmelsvik er ein tettstad i Kvinnherad kommune i Vestland. Tettstaden har 463 innbyggjarar per 1. januar 2024. Staden ligg på austsida av Hardangerfjorden, om lag 4 km sørom Rosendal. Frå Dimmelsvik går det veg innover Omvikdalen og til Matre.
Dimmelsvik er ein gamal handelsstad, og var administrativt sentrum i Kvinnherad fram til etter andre verdskrigen. Her ligg framleis Tinghuset, det første rådhuset i kommunen, bygd om lag 1870. Her låg også tønnefabrikk og treskofabrikk.
Administrasjonsbygget til Kvinnherad energi ligg i Dimmelsvik. Hardanger Rock har eit sandtak og pukkverk som leverer ulike sand- og steinprodukt. Bygda er den største jordbruksbygda i kommunen, med om lag 5340 dekar jordbruksland, og 31 bruk med mjølkekvote (2002).
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Om Omvikdalen hjå Kvinnherad kommune Arkivert 2007-08-15 ved Wayback Machine..
Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
