Kvitbladtistel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kvitbladtistel
Kvitbladtistel
Kvitbladtistel
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Korgplanteordenen Asterales
Familie: Korgplantefamilien Asteraceae
Underfamilie: Carduoideae
Stamme: Cynareae
Slekt: Vegtistelslekta Cirsium
Art: Kvitbladtistel C. heterophyllum
Vitskapleg namn
Cirsium heterophyllum

Kvitbladtistel er ein fleirårig art i korgplantefamilien. Planta er utbreidd over Europa og Asia.

Kvitbladtistelen vert kring 7 dm høg, og har blad med ymse former, tungeforma eller buktfinna med framrette lappar. Bladoversida grøn og snau, undersida kvitfilta. Stengelen er rak, ofte med berre ei korg. Taklagde korgdekkblad utan tornar. Blømer kring juli i beitemarkar og fjellier. Vanleg gjennom det meste av Noreg. Funnen opp til 1680 m i Jotunheimen.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.