Kvithai
Kvithai | ||
Systematikk | ||
Rike: | Animalia | |
Rekkje: | Chordata | |
Klasse: | Chondrichthyes | |
Orden: | Lamniformes | |
Familie: | Elasmobranchii | |
Slekt: | Carcharodon | |
Art: | C. carcharias | |
Vitskapleg namn | ||
Carcharodon carcharias |
Kvithaien (Carcharodon carcharias) er ein stor haiart som lever på grunt vatn i alle dei store verdshava, helst i tempererte til tropiske hav. Kvithaien er den einaste arten i slekta si, Carcharodon.
Skildring[endre | endre wikiteksten]
Store kvithaiar kan bli opp til åtte meter lange og vega over 2 tonn. Dei blir kjønnsmogne om lag 15 år gamle, og kan leva i rundt 30 år. Kvithaien lever helst åleine, men kan sjeldan sjåast i par. Dei føder levande ungar, mellom fem og ti i kvart kull. Haien har mange, skarpe tenner på 8-10 cm, og lever av sel, sjøpattedyr og fisk. I dag har kvithaien status som truga art grunna ulike menneskelege inngrep.
Åtak på menneske[endre | endre wikiteksten]
Kvithaien har elles blitt illgjeten gjennom filmen Haisommer (1975) av Steven Spielberg, basert på ein roman av Peter Benchley. I filmen blir amerikanske badegjester massakrert av ein kjempekvithai på nær 8 meter og tre tonn. I røynda er ikkje menneske favorittbyttet til kvithaien. Ifylgje Engelsk Wikipedia er det på verdsbasis registrert 66 åtak av kvithai på menneske sidan år 2000; av desse var det berre 14 som enda med døden.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «hvithai» i Store norske leksikon, snl.no., henta inn 7. februar 2012.
- Engelsk Wikipedia om Great White Shark, henta inn 7. februar 2012.