Hopp til innhald

Kvitsaum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gutedrakt med kvitsaum (engelsk broderi) frå 1800-talet.

Kvitsaum er ei form for broderi eller prydsaum utført med kvitt garn på kvitt stoff. Tradisjonelt har det blitt utført på kvitt tellelin med lingarn.[1] Teknikken har vore mykje brukt til klede, som skjorter og blusar, kragar, sjal og undertøy,[2] og i Noreg er han vanleg på bunadsskjortar, særleg i Nordmøre og på Vestlandet. Ein finn han også særleg mykje brukt til dåpsklede, brudeklede og til geistlege klede.[3]

Hedebosaum frå tidleg 1800-tal.

Kvitsaum kan nytta utskorsaum, der ein klippar av tråder for å skape eit rutenett som ein så syr i, som i hardangersaum. Andre teknikkar som er vanlege til bunadssaum er orraksaum (enkel uttrekksaum der ein trekker ut trådar) og heilesaum, som er eit samlenamn på sting der ein syr utan å trekke ut eller klippe av trådar.[4]

Nokre døme på broderistilar med kvitsaum er hardangersaum, hedebosaum, engelsk broderi, Ayrshire-broderi, Mountmellick-broderi og Richelieu-broderi.[3]

Kvitsaum har gamle aner både i «den gamle» og «den nye verda». Teknikken nådde eit høgdepunkt på 1400- og 1500-talet i Italia. Her blei det skapt nye variantar av utskorsaum, som i reticellabroderiet. Dei tidlege mønstera var geometriske og følgde strukturen til vevnaden. Folkelege variantar av reticellasaum finn ein mellom anna i norsk hardangersaum og dansk hedebosaum.[5]

  1. «hvitsøm», Store norske leksikon, 14. februar 2009
  2. «broderi» i Store norske leksikon, snl.no.
  3. 1 2 Whitework, Royal School of Needlework, arkivert frå originalen 2017-10-30, henta 2017-10-29 {{citation}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)
  4. Bunadsgruppa i Fana (2018). Oli Lilletvedt, Marit Karin Krokeide, Kjersti Krokeide, Lisbeth Tarlebø Liland. (red.). Fanabunaden - tradisjon og variasjon. Skjorter til kvinner nr. 11-15. Prydsaum med rettleiing. Bunadsgruppa I Fana (Ein kan kjøpe heftene til Bunadsgruppa hos Norsk Flid Bergen - Husfliden).{{cite book}}: CS1 maint: multiple names: editors list (link)
  5. Bra Böckers lexikon, 1981. Oppgjeve av Svensk Wikipedia.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Kvitsaum