Kvitskriuprestan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kvitskriuprestinn)

61°48′42″N 009°36′19″E / 61.81167°N 9.60528°E / 61.81167; 9.60528

Erosjonsfenomenet Kvitskriuprestan ligg i eit naturreservat i Uldalen.
Kvitskriuprestan

Kvitskriuprestan (eller Kvitskriuprestein) er eit fenomen av jord- og steinsøyler, såkalla jordpyramidar i Uldalen, ein sidedal til Gudbrandsdalen, i Sel kommune.

Dette er eit naturfenomen som oppstår når regnvatn skyl bort hardpakka morenematerial i moreneryggen, men etterlèt seg søyler der store steinar ligg som paraplyar og vernar dei underliggande massane mot regn. I tillegg har sola bidrege til å gjere overflata hardare og meir motstandsdyktig, på same måte som med soltørka leire. Dei høgaste søylene er rundt seks meter og er rekna å vere ca. 200 år gamle. «Prestane» trekkjer seg stadig lenger oppover dalsida sidan dei eldste fell overende i fronten medan nye vaskast fram av regnvatn lenger oppe.

Sjølv om det finst fleire små førekomstar av dette fenomenet i området rundt «Kvitskriuprestan», er dette eit fenomen som ikkje finst andre stader i Nord-Europa. Fenomenet finst likevel fleire stader i Alpane. Denne naturtypen er ført opp i «Norsk raudliste for naturtypar» som kritisk truga (CR).[1]

Kvitskriuprestan vart freda som naturminne 24. juni 1977, så alle former for hærverk er forbode.[2] Det er òg forbode å passere gjerdet som er sett opp for å verne søylene.

Det er skilta til Kvitskriuprestan frå E6. Siste del av vegen er bomveg. Frå vegen må ein gå kring hundre meter oppover for å komme til Kvitskriuprestan.

Namnestrid[endre | endre wikiteksten]

Det er ein pågåande strid om kva det offisielle stadnamnet skal vere. Det offisielt vedtekne namnet er per mars 2008 Kvitskriuprestan, men lokale ynskjer skrivemåten Kvitskriuprestein.

Forma Kvitskriuprestein er ein skrivemåte som attgjev den lokale uttala, medan Kvitskriuprestan ligg nærare norsk rettskriving (jf Lov om stadnamn: «Skrivemåten skal følgje gjeldande rettskrivingsprinsipp for norsk (…)»).

Skiltet til vegvesenet på staden seier Kvitskriuprestene. På vegvisingsskilt ved avkjøring frå E6 er namnet likevel skrive som Kvitskriuprestein.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]