Kyanitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kyanitt
Kyanite crystals.jpg
Generelt
Kategori Nesosilikat
Kjemisk formel Al2SiO5
Strunz-klassifisering 09.AF.15
Krystallsymmetri Triklinsk pinakoidal H–M Symbol: 1 Romgruppe: P1
Einingscelle a = 7,1262(12) Å,
b = 7,852(10) Å,
c = 5,5724(10) Å
α = 89,99(2)°, β = 101,11(2)°, γ = 106,03(1)°
Z = 4
Identifikasjon
Farge blå, kvit, sjeldan grøn, grå, gul, rosa, oransje og svart, kan vere sona
Krystallform skiveforma; trådaktig; blada
Krystallsystem Triklinsk
Tvilling Lamellar på {100}
Kløyv [100] perfekt [010] uperfekt med 79° vinkel mellom
Brot Flisete
Fastleik Sprø
Mohs hardleiksskala 4,5-5 parallell til ein akse
6,5-7 vinkelrett på den aksen.
Glans glasaktig til perleaktig
Strekfarge Kvit
Transparens Gjennomsiktig til gjennomskineleg
Spesifikk vekt 3,53 - 3,65 målt; 3,67 utrekna
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskapar Toaksa (-)
Brytingsindeks nα = 1,712 - 1,718 nβ = 1,720 - 1,725 nγ = 1,727 - 1,734
Pleokroisme Trikroisk, fargelaus til lyseblå til blå
2V-vinkel 78°-83°
Kjelder [1] [2][3]

Kyanitt eller cyanitt, tidlegare òg kalla disthen, er eit mineral som opptrer i regionalmetamorfe bergartar og er ganske utbreitt i Noreg. Det er oftast blått og dannar bladaktige krystall med triklin symmetri. Hardleiken varierer frå 5 langsetter krystallen til 7 på tvers av krystallen. Det er eit aluminiumsilikat Al2SiO5. Det finst andre mineral som har den same kjemiske samansetjing (polymorfi), men med heilt ulike eigenskapar: andalusitt og sillimanitt. Det vert nytta til framstilling av varmebestandig material (tennpluggar) og hovudproduksjonen kjem frå India og USA. Det er førekomstar på Saltfjellet i Nordland som kanskje kan vise seg å vere drivverdige.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]