Sillimanitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sillimanitt

Skinande krystallar av sillimanitt (til 3 cm) i ein skifermatriks frå Norwich i New London County i Connecticut
Generelt
KategoriNesosilikat
Kjemisk formelAl2SiO5
Strunz-klassifisering09.AF.05
Dana-klassifisering52.02.02a.01
KrystallsymmetriOrtorombisk (2/m 2/m 2/m)
Einingscellea = 7,47 Å, b = 7,66 Å, c = 5,75 Å; Z=4
Identifikasjon
Fargefargelaus eller kvit til grå, òg brun, gul, gul-grøn, grå-grøn, blå-grøn, blå; fargelaus i tynne delar
Krystallformprismatiske krystallar, trådaktig, nåleforma
KrystallsystemOrtorombisk - Dipyramidal
Kløyv{010} perfekt
BrotFlisete
FastleikHard
Mohs hardleiksskala7
GlansGlasaktig til nær diamantaktig, silkeaktig
StrekfargeKvit
TransparensGjennomsiktig til gjennomskineleg
Spesifikk vekt3,24
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparToaksa (+)
Brytingsindeksnα = 1,653 - 1,661 nβ = 1,654 - 1,670 nγ = 1,669 - 1,684
Pleokroismefargelaus til bleik brun til gul
2V-vinkel21 - 30°
Kjelder[1][2][3]

Sillimanitt er eit aluminiumsilikat med same kjemiske samansetjing som andalusitt og kyanitt, Al2SiO5 (polymorfi). Det krystalliserer rombisk. Mineralet opptrer oftast i fibrige aggregat (fibrolitt) og kan vere fargelaust, kvitt, grått eller brunt. Det finst i regionalmetamorfe bergartar og er vanleg fleire stader i Noreg, til dømes i Bamble og i området Søndeled–Songe på Sørlandet. Ved oppvarming til 1300 °C blir det danna eit høgeldfast material (mullitt), men sillimanitt finst ikkje så rikeleg at det har nokon særleg økonomisk tyding.

Sillimanitt er kalla opp etter den amerikanske kjemikaren Benjamin Silliman (1779–1864). Det vart først skildra i 1824 etter ein førekomst i Chester i, Middlesex County i Connecticut i USA.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]