Kygo
Kygo | |
![]() | |
Fødd | 11. september 1991 (30 år) Singapore |
Yrke | musikar, pianist, musikkprodusent, låtskrivar, DJ, plateartist |
Kygo på Commons |
Kyrre Gørvell-Dahll (fødd 11. september 1991), betre kjent under artistnamnet Kygo, er ein EDM-musiker frå Fana i Bergen i Hordaland. Han vart kjent gjennom nettstadene YouTube og Soundcloud, der han publiserte musikken sin og fekk over 400 millioner treff. Kygo bur i Sandviken i Bergen.
Dei mest populære låtane KYGO har remixa er mellom anna Ed Sheeran sin «I See Fire», Marvin Gaye sin «Sexual Healing» og Ellie Goulding sin «High for This».[1] I mai 2014 remixa han låta «Midnight» på oppdrag av Coldplay.[2] Seinare same månaden nådde remixen hans av Seinabo Sey sin song «Younger» fyrsteplassen på VG-lista topp 20.[3] KYGO sin fyrste singel, «Firestone», klatra også til fyrsteplassen av VG-lista.[4]
«Stole the show» vart oppfylginga av «Firestone», som då blei ein stor hit både internasjonalt og nasjonalt. «Stole the Show» nådde også VG-lista topp 20. Kygo opptredde på EDM-festivalen Tomorrowland i juli 2014.[5] Han opptredde også på Ultra Music Festival i april 2015.[6]
Kygo vart kåra til Årets spellemann under Spellemannsprisen 2015 og vann i tillegg klassen årets låt for «Stole the Show». Han vart dessutan nomitert i klassane årets låt for «Firestone», årets musikkvideo for «Stole the Show», årets nykomling og årets produsent.
Kygo er den artisten som raskast har nådd 1 milliard avpelingar på Spotify, i desember 2015.[7]
Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]
Kyrre Gøvell-Dahl vart fødd i Singapore.[8][9][10] Han begynte å ta pianotimar i ein alder av seks år.[11] Han slutta med dette og begynte å produsere musikk i 15-16-årsalderen gjennom dataprogrammet Logic Studio og eit MIDI-keyboard, i tillegg til å sjå lærevideoar på YouTube.[12]
Artistnamnet «Kygo» kjem frå brukarnamnet hans på skuleverktøyet itslearning, og er ein samantrekking av hans dei to første bokstavane i førenamnet og etternamnet hans.[13]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Halvor Haugen & Gaute Zakariassen (8. april 2014). «Låtene til usignerte Kyrre (22) er spilt over 60 millioner ganger på Soundcloud og Youtube» (norsk (bokmål)). NRK. Henta 6. mai 2014.
- ↑ Sindre Øye Helgheim & Mette Anthun (5. mai 2014). «Suksessen til Kygo når nye høyder» (norsk (bokmål)). NRK Hordaland. Henta 6. mai 2014.
- ↑ «Norske Kygo topper VG-lista», VG 30. mai 2014
- ↑ «Kygo rett til topps på VG-lista», VG 12. desember 2014
- ↑ TomorrowWorld 2014 | Kygo (YouTube)
- ↑ https://soundcloud.com/jeeter-7/kygo-live-at-ultra-music-festival-live-stage-wmc-2015-miami-full-set-29-mar-2015
- ↑ «Kygo passerer en milliard spilte på Spotify». VG. Henta 4. mai 2016.
- ↑ hermesauto (21. juni 2016). «Big names such as Norway's Kygo for inaugural Ultra Singapore dance music festival». Henta 22. august 2016.
- ↑ «Billboard Cover: Kygo on His Rise to Fame -- 'I Have to Enjoy It While It Lasts'». Henta 22. august 2016.
- ↑ Ågotnes, Tony. «9 fakta du ikke visste om KYGO». Henta 22. august 2016.
- ↑ «Fanabuen Kyrre (22) gikk fra pianotimer til DJ-suksess». Henta 4. april 2015.
- ↑ «Interview: Kygo». The Vibe Guide. 9. januar 2014. Henta 21. juni 2015.
- ↑ TV2.no - «Bergens-gutten «Kygo» lager millionhitsene på mormors piano» Besøkt 28. juli 2015.
- Denne artikkelen bygger på «Kygo» frå Wikipedia på bokmål, den 16. januar 2017.