Avicii

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Avicii
Avicii 2014 003.jpg
Avicii / Tim Bergling.
Fødd8. september 1989
FødestadStockholm i Sverige
Død20. april 2018
DødsstadMuskat, Oman
FødenamnTim Lidén
AliasAvicii, Tim Berg,
OpphavSverige
Aktiv2008-2018
SjangerEDM, house
Instrumenttangentinstrument, gitar, piano, synthesizer, FL Studio, Logic Pro
Tilknytte artistarMartin Garrix, Aloe Blacc, Nicky Romero, David Guetta, Rita Ora, Sandro Cavazza.
PlateselskapUMG, Geffen, Island Def Jam.
Verka somMusikar, DJ, remiksar, plateprodusent, songar
MorAnki Lidén
FarKlas Bergling
PrisarAmerican Music Award, Billboard Music Awards, MTV Europe Music Awards, Teen Choice Awards, World Music Awards, Echo Pop for årets hit

Tim Bergling, betre kjend som Avicii og Tim Berg, (fødd 8. september 1989 i Stockholm, daud 20. april 2018 i Muscat) var ein svensk disc jockey, remixar og plateprodusent. Debutalbumet hans Seek Bromance nådde topp 20-listene i mange land, inkludert Frankrike, Belgia, Storbritannia, Noreg og Sverige. Han er kjend for fleire megahits som «Hey Brother», «Waiting for Love», «Wake Me Up», «Levels» med fleire. Artistnamnet sitt henta han frå Avīci, det lågaste nivået av Naraka - tilsvarande helvetet i buddhismen.[1]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Tim Bergling (opphavleg Tim Lidén) vaks opp i Östermalm i Stockholm, faren var bedriftsleiar og mora skodespelar. Allereie som 16-åring tok han til å laga house-musikk, og han gav ut debutsingelen sin, «Sound of Now» i 2008. Første hiten hans var «Bromance», som kom ut i 2010, denne nådde m.a. tredjeplass i Nederland og Belgia.[1] I 2011 gav han ut «Levels», som nådde førsteplassen på listene i Noreg og Sverige. Same året samarbeidde han med David Guetta på låta «Sunshine», som vart nominert til Grammy-prisen.

Første albumet til Avicii, True vart gjeve ut i 2013, til stor suksess. Her finn vi m.a. «You Make Me», «Hey Brother» og «Wake Me Up» som alle vart vellykka singlar. Den 27. februar 2014 vart «Wake Me Up» den mest spelte songen i heile verda, med over 200 millionar avspelingar på strøymetenesta Spotify. Songen vart også den første i verda som nådde grensa på 200 millionar, og dette tilsvara i gjennomsnitt 850 000 avspelingar sidan han vart sleppt i juni året før. Til då hadde «Radioactive» av Imagine Dragons vore den mest spelte songen med 182 millionar avspelingar.[2]

Andrealbumet Stories frå 2015 vart ikkje fullt så populært som True, sjølv om vi m.a. finn hits som «Waiting for Love» på dette. I 2016 hadde Avicii vorte ei superstjerne med millionar av fans spreidd rundt om i verda. Dette året bestemte han seg for å slutte med turnélivet, m.a. på grunn av sviktande helse. I 2014 hadde han fått fjerna blindtarmen og galleblæra, og måtte avlyse fleire show for å kome seg til hektene. Han var open om at han leid av betennelse i bukspyttkjertelen, dels på grunn av høgt alkoholforbruk. Han skreiv eit ope brev til fansen i 2016 om at han slutta å turnere, og til pressa forklarte han også at han kjende seg ukomfortabel med konsertlivet fordi han var innovervendt som person. Dette året gjorde han likevel bl.a. ein konsertserie på Bahrain Grand Prix[3] før han gjennomførte det siste showet sitt på Ibiza den 28. august.[4] I 2017 gav Avicii ut EP-en Avīci der hitar som «Without You» og «Lonely Together» er med. Same året vart det også gjeve ut ein dokumentarfilm om livet til artisten: Avicii: True Stories.

Helseplager og dødsfall[endre | endre wikiteksten]

I biografien Tim - The Official Autobiography of Avicii vert det brukt utdrag frå dagbøkene hans, også medan han var innlagd på ulike klinikkar for alkohol- og stoffmisbruk i tillegg til psykiske helseplager. Den siste tida i livet var han svært oppteken av indisk meditasjon, og mediterte fleire timar om dagen. Dagen før dødsfallet vart faren kontakta av ein kjenning som Bergling hadde møtt på reisa til Oman. Personen var uroleg for han fordi han korkje åt eller snakka. Det vart den same personen som også måtte ringe faren for å informera om sjølvmordet.[5] Den 20. april 2018 vart Tim Bergling funnen død innandørs i Muskat i Oman, 28 år gamal. Det vart seinare klårt at det dreidde seg om eit sjølvmord - faren har seinare uttala at han ønskjer at det vert kalla for det det var.[6][7]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

I 2019 vart eit nytt album av Bergling gjeve ut posthumt, det fekk namnet TIM. Ein av singlane herifrå, «SOS«, hadde vokal av Aloe Blacc og gjorde det godt på salslistene. Alle inntektene frå albumet gjekk til familiestiftinga Tim Bergling Foundation som har til føremål å motverka psykisk uhelse og sjølvmord. [8] Den 5. desember same året vart det også halde ein minnekonsert for Avicii på Friends Arena til inntekt for Tim Bergling Foundation. Blant artistane som opptredde var Aloe Blacc, Rita Ora og Sandro Cavazza.

Bergling vart gravlagd i heimbyen Stockholm. Det har også vorte avgjort at han vil få ein minneplass oppkalla etter seg i byen. Arenaen Globen har no offisielt skift namn til Avicii Arena til ære for artisten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Avicii». Store Norske Leksikon. Henta 14.01.2022. 
  2. «Wake me up störst på Spotify - någonsin». Gøteborgsposten. 27.02.2014. Henta 14.01.2022. 
  3. «Avicii Talks Illness, Fame and Retiring at Age 26». Hollywood Reporter,. 06.04.2016. 
  4. «Avicii Documentary ‘True Stories’ Chronicles DJ’s Stage Retirement». Rolling Stone. 11.09.2017. Henta 14.01.2022. 
  5. «Avicii's final words before suicide revealed in new book». New York Post. 29.12.2021. Henta 14. januar 2022. 
  6. «Avicii’s father opens up about labelling his son’s death a suicide: ‘You should call things what they are’». The Independent. 13.12.2021. Henta 14. januar 2022. 
  7. «Tim: The Official Biography of Avicii by Måns Mosesson review – private struggles of the EDM poster boy». The Guardian. 04.01.2022. Henta 14.01.2022. 
  8. «Tim ”Avicii” Berglings sista låtar släpps som skiva i sommar». SVT. 05.04.2019. Henta 14. januar 2022.