Kygo
Kygo | |||
| |||
Fødd | 11. september 1991 (33 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Singapore | ||
Fødenamn | Kyrre Gørvell-Dahll | ||
Alias | Kygo | ||
Opphav | Noreg | ||
Aktiv | 2009– | ||
Sjanger | Tropical house, deep house, downtempo, progressiv house, house, elektronisk dansemusikk | ||
Instrument | piano, tangentinstrument, Musikkarbeidsstasjon, synthesizer | ||
Plateselskap | Ultra Music, Sony Music | ||
Verka som | pianist, musikkprodusent, låtskrivar, DJ, plateartist, komponist, songtekstforfattar | ||
Prisar | Årets spellemann, Spellemannprisen for årets hit, P3-prisen |
Kyrre Gørvell-Dahll (fødd 11. september 1991), betre kjent under artistnamnet Kygo, er ein EDM-musikar frå Fana i Bergen i Vestland. Han vart kjend gjennom nettstadene YouTube og Soundcloud, der han publiserte musikken sin og fekk over 400 millioner treff. Kygo bur i Sandviken i Bergen.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Kyrre Gøvell-Dahl vart fødd i Singapore.[1][2][3] Han begynte å ta pianotimar i ein alder av seks år.[4] Då han var i ein alder mellom 15 eller 16 år slutta han med pianotimar, og begynte å produsere musikk på eiga hand gjennom dataprogrammet Logic Studio og eit MIDI-keyboard, i tillegg til å sjå lærevideoar på YouTube.[5][treng kjelde] Inspirasjonen til å laga EDM-musikk kom frå den svenske DJ-en Avicii.[6]
Artistnamnet «Kygo» kjem frå brukarnamnet hans på skuleverktøyet itslearning, og er ei samantrekking av hans dei to første bokstavane i førenamnet og etternamnet hans.[7]
Suksess
[endre | endre wikiteksten]Dei mest populære låtane Kygo har remixa er mellom anna Ed Sheeran sin «I See Fire», Marvin Gaye sin «Sexual Healing» og Ellie Goulding sin «High for This».[8] I mai 2014 remixa han låta «Midnight» på oppdrag av Coldplay.[9] Seinare same månaden nådde remixen hans av Seinabo Sey sin song «Younger» fyrsteplassen på VG-lista topp 20.[10] Kygo sin fyrste singel, «Firestone», klatra også til topps på VG-lista.[11]
«Stole the show» vart oppfylginga av «Firestone», som då blei ein stor hit både internasjonalt og nasjonalt. «Stole the Show» nådde også VG-lista topp 20. Kygo opptredde på EDM-festivalen Tomorrowland i juli 2014.[12] Han opptredde også på Ultra Music Festival i april 2015.[13]
Kåringar
[endre | endre wikiteksten]Kygo vart kåra til Årets spellemann under Spellemannsprisen 2015 og vann i tillegg klassen årets låt for «Stole the Show». Han vart dessutan nomitert i klassane årets låt for «Firestone», årets musikkvideo for «Stole the Show», årets nykomling og årets produsent.
Kygo er den artisten som raskast har nådd éin milliard avspelingar på Spotify, i desember 2015.[14]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ hermesauto (21. juni 2016). «Big names such as Norway's Kygo for inaugural Ultra Singapore dance music festival». Henta 22. august 2016.
- ↑ «Billboard Cover: Kygo on His Rise to Fame -- 'I Have to Enjoy It While It Lasts'». Henta 22. august 2016.
- ↑ Ågotnes, Tony. «9 fakta du ikke visste om KYGO». Arkivert frå originalen 29. august 2016. Henta 22. august 2016.
- ↑ «Fanabuen Kyrre (22) gikk fra pianotimer til DJ-suksess». Henta 4. april 2015.
- ↑ «Interview: Kygo». The Vibe Guide. 9. januar 2014. Henta 21. juni 2015.
- ↑ «Who is Kygo? Everything You Need to Know», www.thefamouspeople.com (på engelsk), henta 1. november 2022
- ↑ TV2.no - «Bergens-gutten «Kygo» lager millionhitsene på mormors piano» Besøkt 28. juli 2015.
- ↑ Halvor Haugen & Gaute Zakariassen (8. april 2014). «Låtene til usignerte Kyrre (22) er spilt over 60 millioner ganger på Soundcloud og Youtube» (på norsk bokmål). NRK. Henta 6. mai 2014.
- ↑ Sindre Øye Helgheim & Mette Anthun (5. mai 2014). «Suksessen til Kygo når nye høyder» (på norsk bokmål). NRK Hordaland. Henta 6. mai 2014.
- ↑ «Norske Kygo topper VG-lista», VG 30. mai 2014
- ↑ «Kygo rett til topps på VG-lista», VG 12. desember 2014
- ↑ TomorrowWorld 2014 | Kygo (YouTube)
- ↑ https://soundcloud.com/jeeter-7/kygo-live-at-ultra-music-festival-live-stage-wmc-2015-miami-full-set-29-mar-2015
- ↑ «Kygo passerer en milliard spilte på Spotify». VG. Henta 4. mai 2016.
- Denne artikkelen bygger på «Kygo» frå Wikipedia på bokmål, den 16. januar 2017.