Kylix

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Brygos-kylixen frå ca. 480 f.Kr.

Kylix (gresk κύλιξ, fleirtal κύλικες, kylikes)[1] er ein type drikkeskål i keramikk som blei brukt i Hellas i antikken.

Dei blei brukt i finare selskap, særleg symposium. Forma gjer kylixar eigna til å drikka av medan ein ligg, men krev ein viss finesse for å unngå at ein sølar seg til.

Kylix-illustrasjon av ein mann somspelet kottabos.
Brygos-kylixen sett frå sida.

Kylixar var som oftast vakkert dekorert, gjerne med scener knytte til vindrikking, erotikk eller humoristiske scener frå mytologi eller kvardagsliv.

Spelet kottabos, som var vanleg underhaldning på symposium, består av at ein kastar den siste vinresten frå ein kylix mot eit mål, gjerne ei bronseplate slik at det blir ein lyd om ein treff målet.

Terrakotta viste seg som eit populært materiale til å laga kylixar av. Ein type terrakotta kalla for «raudvare» var særleg verdsett blant grekarane og etruskerane. Denne hadde ein høg konsentrasjon av ferrooksid som gav han ein raudfarge.[2]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Broby-Johansen, R. ([1965] 1977): Kunstordbog, København: Thaning og Appel, s. 122. Sitat: «Kylix (gr.) flad drikkeskål med lav fod og to modstillede små hanke.»
  2. Austin, Jamie: «Terracotta: The beauty of fired earth, Part I», LifeInItaly.com

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kylix