Königssee
Königssee | |||
innsjø | |||
Utsyn frå St. Bartholomä
| |||
Land | Tyskland | ||
---|---|---|---|
Tilsig | Schreinbach, Obersee, Kesselbach, Eisbach, Königsbach | ||
Utløp | Königsseer Ache | ||
Høgd over havet | 603 moh. | ||
Lengd | 7,7 km | ||
Breidd | 1,7 km | ||
Areal | 5,218 km² | ||
Middeldjupn | 98,1 m | ||
Største djupn | 190 m | ||
Koordinatar | 47°33′N 12°58′E / 47.550°N 12.967°E | ||
Øyar | 1 (Christlieger) | ||
Byar | St. Bartholomä, Schönau am Königssee | ||
Königssee 47°33′00″N 12°58′30″E / 47.55°N 12.975°E | |||
Wikimedia Commons: Königssee |
Königssee er ein innsjø heilt søraust i Bayern i Tyskland, nær grensa til Austerrike. Han ligg nær den bayerske byen Berchtesgaden, like sør for den austerrikske byen Salzburg i dei tyske Alpane. Königssee (Kongens innsjø) er den djupaste innsjøen i Tyskland. Innsjøen vart danna av isbrear under den siste istida. Han er 7,7 km lang og om lag 1,7 km brei på det breiaste. Bortsett frå utsiget, elva Königsseer Ache ved landsbyen Königssee, er innsjøen omringa av bratte fjell, som Watzmann.
Innsjøen er kjend for det klåre vatnet, og det vert sagt at det et den reinaste innsjøen i Tyskland. På grunn av dette har det berre vore lov med straumdrivne båtar og robåtar på innsjøen sidan 1909. Innsjøen og områda rundt er ein svært populær turiststad.
St. Bartholomä, eit lite og attraktivt kloster, ligg ved innsjøen.
Bakrgunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Königssee frå Engelsk Wikipedia .