L'Haÿ-les-Roses
| L'Haÿ-les-Roses | |
|---|---|
| Land Region Departement |
Frankrike Île-de-France Val-de-Marne |
| Flatevidd | 3,9 km² |
| Flatevidd • By |
3,9 km² |
| Innbyggjarar • By (2005) - folketettleik |
30 400 7 795/km² |
| Koordinatar | 48°47′N 02°20′E / 48.783°N 2.333°E |
| Høgd | 92 m |
| Tidssone • Ved sommartid |
CET (UTC+1) UTC+2 (UTC) |
| Postnummer | 94240 |
| Nettstad: www.lhaylesroses.fr | |
L'Haÿ-les-Roses er ein kommune i dei sørlege forstadane til Paris i Frankrike, men har status som by. Han ligg 8,5 km frå sentrum av Paris, og er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Val-de-Marne.
Den andre delen av namnet til L'Haÿ-les-Roses kjem av den vidkjende rosehagen som ligg der.
Namn
[endre | endre wikiteksten]Kommunen L'Haÿ-les-Roses vart opphavleg berre kalla L'Haÿ, og dette namnet vart først nedteikna i eit dokument frå Karl den store i 798 som Laiacum, stundom stava Lagiacum, som tyder «eigedomen til Lagius», ein gallo-romersk landeigar. Namnet endra seg med tida til Lay, Lahy, og til slutt L'Haÿ.
I mai 1914 vart namnet på kommunen offisielt L'Haÿ-les-Roses (som tyder «L'Haÿ rosene») etter Roseraie du Val-de-Marne, den kjende rosehagen som vart oppretta her i 1899 av Jules Gravereaux, ein av fire grunnleggjarar av varehuset Bon Marché i Paris.