Lågøya
Utsjånad
Lågøya | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Nordishavet |
Koordinatar | 80°13′N 17°58′E / 80.217°N 17.967°E |
Øygruppe | Svalbard
|
Areal | 103,5 km²
|
Høgaste punkt | Ukjent (57 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Demografi | |
Folketal | 0
|
Lågøya er ei øy som høyrer til Svalbard. Øya ligg nordvest for Nordaustlandet og har eit areal på 103,5 km². Øya har ingen busetnader og vert sjeldan vitja.
Aust for Lågøya går Lady Franklinfjorden sørover på Gustav V Land mellom Botniahalvøya, som ligg aust for Lågøya, og Storsteinhalvøya, som ligg sør for Lågøya. Mellom Lågøya og Nordaustlandet ligg Franklinsundet. Vest for Lågøya går Hinlopenrenna, som held fram som Hinlopenstretet mellom Nordaustlandet og Spitsbergen lenger sør. Nord for Lågøya ligg Nordishavet.