Långban

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Långban er ein småort og tidlegare gruvesamfunn i Värmland i Sverige, nær Filipstad.

Det vart tidlegare drive utvinning av mangan, jarn og dolomitt her. Området er verdskjend blant mineralogar på grunn av rikdomen sin på sjeldne mineral, mellom anna ei rekkje som berre er kjent frå denne førekomsten. Det store mengda sjeldne mineral kjem av framferd av ulike kation som vanlegvis ikkje finst saman. Dessutan har krystallisasjonen føregått over eit stort temperaturintervall, frå minst 650 °C til nær romtemperatur.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]