Lårdal stavkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Krusifiks frå Lårdal, no i mellomalderutstillinga i Kulturhistorisk museum

Lårdal stavkyrkje stod, som dagens kyrkje, på grunnen til prestegarden Eik (gnr. 21), men ved prestegardstunet, om lag 170–180 meter lengre sør. Soknet og presten er nemnde i 1396[1] og i 1424.[2] Lårdal prestegjeld («Laur dall preeste gield») er omtala i 1547,[3] men prestegjeldet må altså ha eksistert ei god stund tidlegare. I Jens Nilssøn sin visitasrapport[4] går det fram at kyrkja ligg sør for prestegarden, og Eik-namnet (eller «Eg») vert òg nytta. Soknet vert kalla «Lauerdall» (altså Lårdal) og har tre anneks i Eidsborg, Høydalsmo og Øyfjell.

Kyrkja skal i likhet med Eidsborg ha vore ei einskipa stavkyrkje,[5] og i 1662 vart det meld at taket var «ganske vanmægtigt» og svalene rundtom «ganske unyttige og forladne». Bekymringsmeldingane vart gjentekne i 1668 etter at naudsynte vølingar ikke var utførte. Kyrkja vart riven i 1684 og erstatta med ei ny tømmerkyrkje på same staden.[6] Denne vart avløyst av dagens kyrkje lengre nord i 1832. Den gamle kyrkjegarden skal vere jamna med jorda.[7]

Gjenstandar frå stavkyrkja[endre | endre wikiteksten]

Eit krusifiks frå stavkyrkja er sendt inn til Oldsaksamlinga. Det er stilt ut i mellomalderustillinga i Kulturhistorisk museum. Ifølgje kyrkjeleksikonet[8] har dessutan dagens kyrkje kalk og disk frå 1583, truleg overførte frå stavkyrkja i si tid. I kyrkja skal det òg finnast panelbord med figurmåleri daterte til 1300-talet.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Diplomatarium Norvegicum III:529
  2. Diplomatarium Norvegicum I:695
  3. Diplomatarium Norvegicum X:730
  4. Jens Nilssøn (1981). Yngvar Nielsen, red. Biskop Jens Nilssøns visitatsbøger og reiseoptegnelser 1574–1597. Carl Zakariasson. s. 377 og 379. 
  5. Dietrichson, s. 488.
  6. Tømmerkyrkja vart teken i bruk same året, ifølgje Henriksveen (s. 168), medan Lårdalsoga tidfestar dette til 1688.
  7. 7,0 7,1 Jan Brendalsmo: Kildegjennomgang: Middelalderske kirkesteder i Telemark (Riksantikvaren, 2016), s. 112.
  8. Alf Henry Rasmussen (1993). «Lårdal kirke». Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 481. ISBN 82-75-27022-7. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]