Høydalsmo kyrkje
Utsjånad
| Høydalsmo kyrkje | |||
| kyrkje | |||
Høydalsmo kyrkje Foto: Bohuslen | |||
| Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
|---|---|---|---|
| Bispedøme | Agder og Telemark | ||
| Prosti | Øvre Telemark | ||
| Sokn | Høydalsmo og Lårdal | ||
| Fellesråd | Tokke | ||
| Type | Langkyrkje | ||
| Material | Tre | ||
| Innvigd | 1747 | ||
| • Endringar | Reparert i 1873 | ||
| Tårn | Bygd nytt i 1986 | ||
| Klokker | Ei klokke, frå 1849 | ||
| Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
| Preikestol | Frå 1873 | ||
| Døypefont | I tre, med messingfat frå 1709. | ||
| Altartavle | Frå 1873, kopi etter Adolph Tidemand. Del av eldre tavle i koret. | ||
| Sitjeplassar | 60[1] | ||
![]() Høydalsmo kyrkje 59°29′27″N 8°13′58″E / 59.49083333°N 8.23277778°E | |||
| Wikimedia Commons: Høydalsmo kirke | |||
Høydalsmo kyrkje er ei kyrkje i Høydalsmo og Lårdal sokn i Øvre Telemark prosti. Kyrkja høyrer til Tokke kyrkjeleg fellesråd. Ho vart vigsla i 1747.
Kyrkja vart restaurert av Auver Auversson Flatland i 1873. Preikestolen og altartavla er frå det året. Altertavla har Jeseu oppstode til motiv og er ein kopi etter Adolph Tidemand si altertavle til Bragernes kyrkje i Drammen. Del av den gamle altertavla står også i koret. Kyrkja vart restaurert att i 1984.
I 1986 datt kyrkjeklokka ned. Klokka kom frå det utan å verte øydelagt, men då dei skulle hengje henne opp att fann dei att tårnet var ròte, og det laut difor byggjast nytt.
Ei stavkyrkje i bygda frå 1200-talet vart riven i 1785.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Alf Henry Rasmussen, red. (1993). «Høydalsmo kirke». Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo Forlag. s. 482. ISBN 82-7527-022-7.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Høydalsmo kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
