Léon Faucher

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Léon Faucher
Léon Faucher.JPG
Fødd8. september 1803
Limoges
Død14. desember 1854
Marseille
Statsborgar avFrankrike
PartiParti de l'Ordre
Yrkesamfunnsøkonom, politikar, journalist, minister
MedlemAcadémie des sciences morales et politiques

Léon Faucher (8. september 180314. desember 1854) var ein fransk økonom og politikar.

Faucher var fødd i Limoges, men flytta med familien til Toulouse då han var ni. Foreldra blei separaterte i 1816, og Léon Faucher, som stod imot faren sine forsøk på å gjera han til lærling, støtta seg sjølv og mora økonomisk gjennom resten av skulegangen sin ved å designa broderi. Han verka som privatlærar i Paris samtidig som han var student, og bevega seg i retning arkeologi og historie då Julirevolusjonen i 1830 drog han inn i aktiv politisk journalistikk på liberal side. Han var journalist for Temps frå 1830 til 1833, då han blei redaktør for ein kort periode for Constitutionnel. Han starta ei eiga søndagsavis, Le Bien public, som gjekk dårleg økonomisk. I 1834 byrja han arbeida for Le Courrier français, og var redaktør for avisa frå 1839 til 1842, då ho fekk nye eigarar..

Karikatur av Léon Faucher.

Faucher var eit tidleg medlem av Société d'économie politique, som blei skipa i 1842 av Pellegrino Rossi.[1]

Han spesialiserte seg på økonomiske spørsmål, og blei ein ivrig talsmann for frihandel. Han føreslo mellom anna ein romansk tollunion som motstykke til dei tyske tollforeiningane. I 1843 vitja han England for å studera samfunnssystemet der, og gav ut resultat av undersøkingane sine først i Revue des deux mondes og seinare i tobandsverket Etudes sur l'Angleterre (1845).

Som frihandelsforkjempar blei Faucher vald inn i det franske underhuset (Chambre des députés) for Reims i 1847. Etter Februarrevolusjonen i 1848 blei han medlem av den konstituerade nasjonalforsamlinga for Marne. Under president Louis Napoleon blei han minister for offentlege arbeid i 1848, og deretter innanriksminister. Etter eit forsøk på å påverka komande val gjennom brev til prefektar blei han kritisert av nasjonalforsamlinga, og måtte gå av 14. mai 1849. I 1851 blei han innanriksminister att.

Etter Louis Napoleon sitt statskupp 2. desember 1851 trekte Faucher seg frå politikken. Han vigde seg til studiane sine, og bidrog til å grunnleggja Crédit Foncier.

Léon Faucher døydde 15. desember 1854 i Marseille, av tyfoidfeber. Han er gravlagd ved Père Lachaise i Paris.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Courtois, Alphonse (1846), «Notice historique», Annales de la Société d'économie politique (på fransk): 7–10, henta 18. august 2017