Tyfoidfeber

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Prikkar på brystet er eit symptom på tyfoidfeber

Tyfoidfeber (latin Febris typhoidea) er den mest alvorlege av salmonellainfeksjonane, og han artar seg som ei kraftig blodforgifting.

Sjukdommen skuldast ein spesiell salmonellabakterie, Salmonella typhi, som vert overførd gjennom forureina mat og drikke. Han byrjar for det meste med vedvarande, høg feber, og seinare kan ein få kraftig diaré. Infeksjonen kan vere livstrugande viss han ikkje vert behandla med antibiotika. Han er hyppigast i Asia og Afrika.

Under den andre verdskrigen kunne ein også finne han i Europa, mellom anna i dei nazityske konsentrasjonsleirane og dei russiske Gulag-leirane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]