Julirevolusjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Julirevolusjonen er nemninga på eit opprør som fann stad i Frankrike i tida frå 26. juli til 29. juli 1830. Resultatet av opprøret var at den franske restaurasjonspolitikken etter 1815 vart stogga, vidare borgarrettar vart innførte, og den franske kongen gjekk av. Victor Hugo kallar opprøret «ein halv revolusjon» etterdi dette var eit opprør frå borgarskapet, og sidan arbeidarklassa ikkje var med i stor grad.

Bakgrunn og utvikling[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnen for revolusjonen låg i misnøya med politikken til kong Charles X, som førte Frankrike meir og meir attende mot einevaldstida. Utpå våren 1830 tok han til å snevre inn ytringsfridomen, og dette førte til store protestar då sommaren kom.

Den første reaksjonen mot kongen kom alt den 18. mars, då kongen innsette fyrsten av Polignac, Auguste av Polignac som ny statsminister. Dette valet vart fordømt av båe kammer i det franske parlamentet, utan at dette førte til noko. Polignac var kjend for reaksjonære haldningar. I månaden som følgde var det harde dragkampar mellom kongen og parlamentet, ei stode som enda med at kongen oppløyste båe kammera og skreiv ut nyval den 16. mai.

Opprøret eksploderte same dag som kongen gav bod om at ytringsfridomen skulle snevrast inn. Det kom til folkeopprør i Paris og fleire andre stader den 27. juli. Etter tre dagar fekk kongen nok, innsette Ludvig Philip som regent i Frankrike, og gjekk endeleg av 2. august. Ludvig Philip vart lovleg vald til fransk konge av parlamentet den 7. august. Frå no var det og vedteke av tricoloren skulle vera den offisielle franske nasjonalflagget. Uka etter vart ei ny grunnlov vedteke, som innførte konstitusjonelt monarki. Lova var ikkje overveldande radikal. Den katolske trua vart statsreligion, og pressesensuren vart halden i hevd.

Verknad[endre | endre wikiteksten]

Etter Julirevolusjonen gjekk det ei båre av liknande opprør gjennom andre europeiske land. Inspirert av det som hadde hend i Frankrike, gjorde Belgia opprør mot Nederland same haust, og Belgia vart skipa som sjølvstendig stat. Det vart og opprør i dei tyske statane. Noko seinare på året kom det til opprør i Polen, men dette vart brutalt slege ned på av Russland. Hendingane i 1830 var til stor inspirasjon for den gryande sosialismen, og mellom anna hylla av Henrik Wergeland, som vart svært radikalisert etter ei vitjing til Frankrike i 1831.

Det konstitusjonelle monarkiet som vart oppretta etter 1830 synte seg snart å vera langt frå rettvist. Nye oppstandar vart slegne ned alt året etter, og seinare opprør vart tekne på same vis (mellom anna skildra i Les Miserables). Den vedvarande misnøya med kongedømet rydda vegen for den andre franske republikken, som vart oppretta etter Februarrevolusjonen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]