Lötschental

Koordinatar: 46°25′N 7°50′E / 46.417°N 7.833°E / 46.417; 7.833
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lötschental i Dei sveitsiske Alpane.
Lötschental frå Fafleralp

Lötschental er den største dalen på nordsida av Rhônedalen i kantonen Valais i Sveits. Han ligg i Bern-Alpane, og elva Lonza renn ned dalen frå kjelda si ved Langgletscher.

Den vakre dalen strekkjer seg 27 km frå Lötschenlücke (3178 moh) ved toppen av Langgletscher til enden av dalen ved Steg/Gampel (630 moh). Han er omgjeve av over 3000 meter høge fjell, som Bietschhorn (3934 moh), Hockenhorn (3293 moh), Wilerhorn (3307 moh) og Petersgrat (3205 moh). Jungfrau-Aletsch verneområde er det mest bredekte område i Dei sveitsiske Alpane og vart gjort til ein naturleg verdsarvstad av UNESCO i 2001. Dette området omfattar sørlege og austlege delar av Lötschental.

Dei største landsbyane i Lötschental er Wiler og Kippel. Andre landsbyar i dalen er Ferden og Blatten. I alt bur det kring 1500 menneske i dalen.

Lötschental vart truleg først busett i romartida, men var isolert frå resten av omverda fram til byrjinga av 1900-talet. Dalen var særleg vanskeleg å nå om vinteren, fram til Lötschbergbahn (BLS) (1907–1913) vart bygd ut og knytte dalen til ei internasjonale jernbanelinje.

Turisme har i aukande grad teke over for jordbruk som hovudnæring i dalen, særleg etter at gondolbanen frå Wiler til Lauchernalp vart bygd i 1972. Lötschental er i dag ein populær vintersportstad.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

46°25′N 7°50′E / 46.417°N 7.833°E / 46.417; 7.833