Løgnin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 64°22′32.034″N 11°17′48.091″E Løgnin eller Lygnin er ein fjordarm av Namsfjorden i Namsos og Namdalseid kommunar i Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 11 km sørvestover til Sjøåsen i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Stangaråa i vest og Skaftodden i aust, like vest for Bangsund. Garden Altin ligg på vestsida av fjorden inst i Altbukta. Litt lenger sør ligg gardsbruket Gryta på den andre sida. Inst i fjorden ligg Sjøåsen der Årgårdselva munnar ut i fjorden.

Fylkesveg 17 går langs austsida av fjorden, medan riksveg 766 går på vestsida.