Løken gamle kyrkjegard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°47′43″N 11°27′39″E

Gamlekyrkja var i bruk til 1883.
Løken gamle kirkegard ligg på eit høgdedrag i utkanten av Løken tettstad.
Foto: Jan-Tore Egge
Minnesmerke over oberst Kruse på nedre del av Løken gamle kyrkjegard
Foto: GAD

Løken gamle kyrkjegard er den gamle kyrkjestaden på Løken, om lag ein halv kilometer sørvest for den noverande kyrkja. Det har stått to kyrkjer på staden før kyrkjestaden vart flytta i 1883.

Om den eldste kyrkja er ikkje mykje kjent anna enn at kyrkja hadde ein heilag kross og eit mariabilete. Kyrkja var vigd til jomfru Maria (8. februar).[1]

Ein trur[2] at ei tømra langkyrkje med vesttårn vart oppført like før 1600, og at det er denne kyrkja som er skildra av Jens Nilssøn i samband med hans visitasreise i 1597.[3] Både skipet og koret skal ha hatt sørportal med våpenhus og tårnet vestportal. Kyrkja fekk utvendig bordkledning i 1597. På eit tidspunkt verserte planar om utviding til krosskyrkje, men dette vart aldri gjennomført. Nytt sakristi vart oppført i 1707. Kyrkja var tjærebredd i byrjinga, men vart etter kvart måla kvit. Det var stadig problem med råte, og kyrkjestolar måtte skiftast ut.

Med unntak av sakristiet vart kyrkja riven etter at ny kyrkje vart oppført på ein ny stad i 1883. Ei altartavle skåren av Torsten Ottersen Hoff i 1738 er overført til dagens kyrkje.

Kyrkjegarden vert halden i hevd, og i nord og sør er portalar inn mot området. På nordsida står eit telthus frå 1728. På kyrkjegarden står eit minnesmerke over Trygve Bjerkrheim, som er gravlagd på dagens kyrkjegard. Nederst i vestskråninga står eit minnesmerke over oberst Ulrich Christian Kruse, som var norsk kommandant ved trefninga i Høland i 1716. Elles finst ei rekkje gravminne spreitt omkring på kyrkjegarden.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Norges kirker»
  2. Ibid.
  3. Biskop Jens Nilssøns Visitatsbøger og reiseoptegnelser 1594–1597 (Kristiania 1885), s. 444.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]