Løkkekiosken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

69°39′4.8852″N 18°57′29.815″E / 69.651357000°N 18.95828194°E / 69.651357000; 18.95828194

Løkkekiosken - Raketten - Storgata 94B
Foto: Harald Groven

Løkkekiosken (og kalla Rakettkiosken) er ein kiosk i Tromsø, teikna av byggmeister J.R. Erlandsen og oppført i 1911.

Det var den gong 18 år gamle Margit Løkke som fekk løyve til å sette opp kiosken. Først søkte ho om å få plassere han på Fridtjof Nansens plass, men justerte seinare søknaden og ba om å få plassere kiosken på Stortorget. Søknaden vart innvilga, og med plasseringa følgde vilkåret at kommunen skulle disponere to av veggane på kiosken til oppslag. I tillegg måtte ho som alle andre som lånte grunn av kommunen betale 25 kroner per år i kioskavgift til kommunen.

I Kulturminneåret 2009 utpeikte Riksantikvaren Løkkekiosken i Tromsø som eit nasjonalt viktig kulturminne. Den 27. november 2009 vart Løkkekiosken freda i samband med Kulturminneårets avslutningsarrangement i Tromsø.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]