Kulturminne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Helleristingane i Alta er eit kulturminne som står på UNESCO si verdsarvliste.
Urnes stavkyrkje er teke med på lista over verdsarv på grunn av sin verdi som kulturminne. Teikning av I. C. Dahl

Kulturminne er ei nemning på i vidaste tyding leivningar frå menneskeleg verksemd frå dei tidlegaste tider fram til i dag. I følgje den norske Kulturminneloven omfattar nemninga alle spor etter menneskeleg verksemd i det fysiske miljøet, mellom anna stader det knyter seg historiske, religiøse eller sogehendingar til.

Kulturminne som vert sett på som særleg viktig kulturarv, kan verta bandlagde gjennom freding. I Noreg er det Riksantikvaren som har forvaltingsmynde knytt til kulturminne. UNESCO har utpeika nokre kulturminne som dei ser på som svært viktige minne om menneskja sin historie til å vera verdsarv.

Typar[endre | endre wikiteksten]

Kulturminna kan vera slike bygningar eller ting som hus, industribygg eller fartøy, eller eldre busetjingsspor, gravhaugar, jernvinner eller tjøremiler. Ein kan også finna dei som kulturlandskap i til dømes dyrka mark, beiteområde og utmark.

Vern[endre | endre wikiteksten]

Ein kan verna kulturminne gjennom lovverk som seier at det er forbode å øydeleggja eller gjera visse endringar på dei. Ein kan også gje økonomisk støtte til vedlikehald av kulturminna, til dømes støtte til ei viss form for gardsdrift som opprettheld kulturlandskapet. Kommunar kan også få støtte til å registrere og ta vare på kulturminne gjennom samarbeidsprosjekt mellom Riksantikvaren og dei ulike fylkeskommunane. Lokale kulturminneplanar i Sogn og Fjordane fylke er eit døme på dette.[1]

Kulturminne kan også flyttast til museum der ein syna dei fram til eit større publikum.

Tyding[endre | endre wikiteksten]

Kulturminne kan vera viktige historiske kjelder for historikarar og arkeologar. Dei kan også gjeva ei kjensle av historie til vanlege folk. Flotte eller spesielle kulturminne er ofte mål for turisme, og har såleis stor økonomisk tyding.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sogn og fjordane fylkeskommune si nettside om Lokale kulturminneplanar. Besøkt 22. januar 2014

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]