Hopp til innhald

Lütschine

Koordinatar: 46°41′N 7°54′E / 46.683°N 7.900°E / 46.683; 7.900
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Schwarze Lütschine i Grindelwald

Lütschine er ei elv i Berner Oberland i Sveits.

Ho renn frå Zweilütschinen, der to kjeldeelvar renn i hop. Ho har ei lengd på 8,6 km og renn gjennom Bödeli og ut i Brienzersee ved Bönigen.

Dei to kjeldeelvane er den 12,3 km lange Schwarze Lütschine frå Grindelwald og den 13,1 km lange Weisse Lütschine frå Lauterbrunnendalen.

I tidlegare tider sa folket i Lauterbrunnendalen at folket i Grindlewalddalen var så skitne at dei gjorde elva (Schwarzelütschine) svart når dei vaska seg. Dei tok att med å seie at folket i Lauterbrunnen aldri vaska seg og elva (Weisselütschine) derfor alltid var så kvit.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

46°41′N 7°54′E / 46.683°N 7.900°E / 46.683; 7.900