La Liberté guidant le peuple

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
La Liberté guidant le peuple - Fridomen leier folket

La Liberté guidant le peuple (omsett frå fransk 'fridomen leier folket') er eit måleri av Eugène Delacroix, måla ferdig den 28. juli 1830. Måleriet vart laga til minne om den franske Julirevolusjonen i 1830. Ei kvinne (nasjonalsymbolet Marianne) med berre bryst og føter personifiserer fridomen. Ho førar det umilitært væpna folket fram over lika av dei kongelege soldatane dei har gjort oppstand mot, og allereie har teke livet av. Soldatane representerer ei makt som skamlaust har forgrepe seg på folket, slik det vert symbolisert ved at den kvinna av folket som ligg død i framgrunnen, har vorte valdteke av soldatane.

Fridomen held Trikoloren, flagget frå den franske revolusjonen, i eine handa og eit gevær med bajonett i den andre, og har ei frygisk hue på hovudet. Ho er på eit vis ei vanleg kvinne av folket, samstundes som ho er ei gudinne som står for både rettvis hemn og for rettferd.

Spire Denne kunstartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.