Lac qui Parle County

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Landskap i Lac qui Parle County

Lac qui Parle County er eit fylke i den USA-amerikanske delstaten Minnesota. Fylket ligg i den sørvestlege delen av delstaten, med vestgrense mot delstaten Sør-Dakota. Lac qui Parle har eit areal på 2 020 km², 30 km² er dekt av vatn. 7 259 menneske budde i fylket 2010. Fylkesadministrasjonen held til i landsbyen Madison. Fylket vart grunnlagt i 1871. Ved folketeljinga 2000 vart 44,6 % av ibuarane registrert som norskætta og 35,2% som tyskætta.

Robert Bly er frå Lac qui Parle County og har budd i fylket store delar av livet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]