Ladningstettleik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ladningstettleik er netto, differansen mellom positiv og negativ elektrisk ladning, ladning per anten volumeining eller arealeining.

Volumtettleiken av ladning er netto ladning per volumeining. Han vert målt i coulomb per m³.

Flatetettleik av ladning er netto ladning per arealeining for ladningar som er fordelt på ei overflate. Denne vert målt i coulomb per m².

Kjennskap til den romlege fordelinga av ladningen, det vil sei ladningstettleiken som funksjon av koordinatane, spelar stor rolle for skildringa av elektriske felt og straumar i vakuum, gassar, væskar og halvleiarar. For ein ladd, elektrisk leiar vil ladningen finnast i eit tynt overflatesjikt. Ladningstettleiken blir størst der overflata er sterkt krumma, t.d. ved kantar og spissar, og dette medfører sterke elektriske felt, som kan resultere i elektriske utladingar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]