Lady og Landstrykeren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Lady og Landstrykeren (originaltittel: Lady and the Tramp) er ein amerikansk teiknefilm produsert av Walt Disney. Han blei først vist på kino 22. juni 1955 av Buena Vista Distribution. Filmen er rekna som Disney sin 15. klassikar.

Lady og Landstrykeren var den første animerte filmen filma i cinemascope widescreen. Historia handlar om ein amerikansk cocker spaniel kalla Lady som lever eit behageleg liv med ein øvre middelklassefamilie, og ein heimlaus blandingshund kalla Landstrykeren. Ein oppfølgjar laga for video, Lady og Landstrykeren II – Fant på eventyr, kom ut i 2001.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne filmartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.