Lago di Nemi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Lago di Nemi
innsjø
none Lago di Nemi
Lago di Nemi
Land Flag of Italy.svg Italia
Region Lazio
Innsjøtype Kratersjø
Høgd over havet 325 moh
Areal 1,67 km²
Største djupn 33 m
Koordinatar 41°42′44″N 12°42′09″EKoordinatar: 41°42′44″N 12°42′09″E
Wikimedia Commons: Lake Nemi

Lago di Nemi (latin Nemorensis Lacus) er ein liten kratersjø i Lazio i Italia, om lag 30 km sør for Roma. Han har fått namn etter Nemi, den største byen i området. Han har eit areal på 1,67 km² og eit djup på 33 meter på det djupaste.

Lago di Nemi. Måleri av John Robert Cozens (ca. 1777).

Innsjøen er kjend for Nemiskipa, romerske skip som låg sokke i innsjøen. Desse skipa var svært store og avanserte for si tid.

Ovanfor innsjøen står det ei treklynge som var vigd til gudinna Diana. Frå Diana sin heilagdom renn det ein bekk ned til Nemi.

Keisarane Caligula og Tiberius segla til Nemisjøen for å gjere seg gjeldande som nemorensi, herskarar blant stjernene og sameint med jorda si evigvarande livskraft.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]