Hopp til innhald

Laila Stien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Laila Stien

StatsborgarskapNoreg
Fødd16. mai 1946 (79 år)
Hemnes kommune
Yrkelyrikar, skribent, barnebokforfattar, omsetjar, lingvist
EktefelleMikkel Aslaksen Gaup
BornAilo Gaup
PrisarAschehougprisen, Språklig samlings litteraturpris, Havmannprisen, Finnmark fylkes kulturpris

Laila Stien (fødd 16. mai 1946 i Hemnes) er ein norsk forfattar og oversettar. Stien vaks opp i Rana, og har i mange år vore busett i Finnmark. Ho blir rekna som ein av dei fremste nolevande novelleforfattarane i Noreg. I forfatterskapet sitt skildrar ho «vanlege» menneske sitt kvardagsliv, med hovudvekt på kvinne- og barndomserfaringar. Stoffet til bøkene hentar ho gjerne frå nordnorsk og samisk miljø. Stien har også gjeve ut fleire diktsamlingar og barnebøker. Utover sitt eige forfatterskap, har ho oversett og gjendikta fleire samiske forfattarar til norsk, som Nils-Aslak Valkeapää, og redigert fleire antologiar med moderne samisk litteratur. Stien har studert etnologi, samisk og sosialantropologi.

Ho er mor til verdsmeister i Freestyle Motocross (FMX), Ailo Mikkelsen Gaup.

Noveller
  • Nyveien (1979)
  • Fuglan veit (1984)
  • Sånt som skjer (1988)
  • I det fri (1994)
  • Gjennom glass (1999)
  • Svømmetak (2001)
  • Veranda med sol (2003)
  • Hjem til jul (2010)
Romanar
  • Vekselsang (1997)
Dikt
  • Fabler. Frost (1981)
  • Hold stø båt dikt og tekster (1990)
  • Av jern dikt med fotografi av Ketil Born og musikk av Sverre Knut Johansen (2008)
Barne- og ungdomsbøker
  • I farta noveller for barn (1986)
  • Ole P og den merkverdige sola (1990)
  • Å plukke en smørblomst (1993)
  • Klar, ferdig, kjør! (1998)
  • Ei jente på scooteren lettlestbok (1999)
Gjendikting

    Bakgrunnsstoff

    [endre | endre wikiteksten]