Nils-Aslak Valkeapää

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nils-Aslak Valkeapää
Nils-Aslak-Valkeapaa.jpg
Fødd 23. mars 1943
Enontekiö
Død

26. november 2001
Esbo

Yrke lyrikar, kunstmålar, songar, lærar, journalist
Nils-Aslak Valkeapää på Commons

Nils-Aslak Valkeapää (23. mars 194327. november 2001) var ein samisk kunstnar, musikar og forfattar med finsk statsborgarskap. Han budde i Käsivarsi i Finland og i Skibotn i Noreg.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Nils-Aslak Valkeapää var fødd i ein reindriftsfamilie i Enontekiö. Han var utdanna lærar, men verka aldri i yrket. Ifølgje han sjølv dreiv han ikkje med rein fordi han ikkje kunne drepa. Han nekta også å ta del i forfinskinga drive av skuleverket som lærar.[1]

Utgangspunktet for kunsten hans var ofte joik, og det var også som joikar han starta det mangesidige kunstnarlivet sitt. I 1968 gav han ut Joikuja, ei plate med joik med og utan akkompagnement.[1] I 1971 gav han ut Terveisiä Lapista (Helsing frå Sameland), ein pamflett som kan oppfattast som «et opprørsskrift mot kolonisering og overgrep, men også som en veiviser til samisk kreativitet.»[1]

Han var òg biletkunstnar og han komponerte musikk, mellom anna musikken til filmen Ofelaš (norsk tittel Veiviseren), der Nils-Aslak Valkeapää òg hadde hovudrolla. Han stod bak det samiske kunstnarinnslaget under vinter-OL 1994Lillehammer.

I 1991 fekk han Nordisk Råds litteraturpris for diktsamlinga Beaivi, Áhčážan (på norsk: Solen, min far). I samband med prisutdelinga retta han flengjande kritikk mot medlemmene av rådet for manglande samisk representasjon i Nordisk Råd, og han gav eit samisk flagg som gåve til rådet.

Nils-Aslak Valkeapää var gudfar til musikaren og politikaren Niko Valkeapää.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • 1971 - Terveisiä Lapista[2] (Norsk omsetjing av Liv Hatle: Helsing frå Sameland, 1979)[3]

Diktsamlingar[endre | endre wikiteksten]

  • 1985: Ruoktu váimmus (Norsk tittel: Vindens veier)
  • 1988: Beaivi, Áhčážan (Norsk tittel: Solen, min far)
  • 1994: Nu guhkkin dat mii lahka (Norsk tittel: Så fjernt det nære)
  • 1996: Jus gazzebiehtár bohkosivččii
  • 1999: Girddán, seivvodan

CD-ar[endre | endre wikiteksten]

  • Beaivi, Áhčážan
  • Sápmi, lottážan
  • med fleire

Filmmusikk[endre | endre wikiteksten]

Priser og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Gustavsen, John (28. september 2014). «Nils-Aslak Valkeapää». Norsk biografisk leksikon (på norsk). 
  2. bibsys
  3. bibsys.no

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]