Lailat al bara'ah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Feiring av lailat al bara'ah ved Jamkaran-moskéen i Qom i Iran.

Lailat al bara'ah ('frelsenatta') eller sjabe bara'ah ('tilgjevingsnatta') er ei muslimsk høgtid feira om natta den 15. sjabán, to veker før byrjinga av ramadan. Høgtida blir markert av sunnimuslimar frå Sør- og Sentral-Asia, men ikkje av dei arabiske salafi- eller wahhabirørslene. Sjiamuslimar feirar henne som fødseldagen til Muhammad al-Mahdi, den tolvte imamen.

Høgtida blir brukt til å be om tilgjeving for synd, anten heime eller i moskéen. Ein kan vitja graver og gje almisser. Nokre stader blir kvelden også markert med fyrverkeri.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]