Lake Ohau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lake Ohau
innsjø
none  Lake Ohau.
Lake Ohau.
Område Waitaki District, Canterbury, Sørøya
tilsig Hopkins River, Dobson River
utløp Ohau River
Høgd over havet 520 m[1] moh
Middeldjupne 74 m[1] m
 - Største djupne 129 m[1] m
Volum 4 02 km³[1] km³
Wikimedia Commons: Lake Ohau

Lake Ohau[2] er ein bresjø i Mackenzie BasinSørøyaNew Zealand. Han får tilførsler frå elvene Hopkins og Dobson, som kjem frå Søralpane, og har utløp til Ohau River, som sjølv er ein del av Waitaki River hydroelektriske prosjekt.

Ohau er den minste av tre tilnærma parallelle innsjøar som ligg i nord-sør-retning langs den nordlege grensa til Mackenzie Basin, dei andre er Lake Pukaki og Lake Tekapo. Han har ei overflate på 60 km².

Skisenteret Ohau ski field ligg ved den sørvestlege breidda til sjøen.

Lake Ohau utgjer ein del av den tradisjonelle grensa mellom regionane Otago og Canterbury. Hopkins River spring ut frå det nordlege punktet i Otago. Geografisk ligg innsjøen i den nordvestlege delen av Waitaki District, sør i Canterbury [3].

Lake Ohau vil liggja ved sykkelvegen Alps 2 Ocean Cycle Trail, som er venta opna i november 2012 etter at vedtaket om bygging vart gjort i 2010[4].

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Irwin_1978
  2. Land Information New Zealand. New Zealand Place Names Database. Vitja 29. januar 2012.
  3. Waitaki District Council ward area, Waitaki District Council vevside, henta 29. januar 2012
  4. Ministry of Economic Development (2011). SKY HIGH TO SEA LEVEL. Vitja 29. januar 2012.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]