Langbord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gammalt langbord på Maihaugen.

Langbord er eit langt, smalt bord. Det kan ofte ha bukkar til bein.

I gamle norske stover var det opphavleg vanleg å leggja eit langt, smalt spisebrett over knea til dei sitjande ved måltida. Seinare blei dei plasserte på lause bordkrakkar. Langbord i si yngste, fullt utforma form blei til ved at bordkrakkane blei sambunde innbyrdes og brettet festa som bordplate oppå.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]