Bord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Bord (fleirtyding).
Steinbord på kjøkkenet i Alcobaça-klosteret i Portugal.
Foto: Júlio Reis

Bord (av norrønt borð) er eit møbel danna av ei vassrett plate som er heva frå bakken, ofte ved hjelp av bordbein. Bord kan brukast til ulike føremål, som å eta måltid på, arbeida, ha ting på eller samlast ved. Bord kan ha ei rekkje ulike utformingar og vera laga av ulike materiale, som glas, tre, metall eller plast. Dei kan brukast inne eller utandørs.

Utforming[endre | endre wikiteksten]

Rundt bord i Château de Valençay med bordplate av marmor og «egyptisk» pynt på sidene og beina.
Taula Fractal II av kunstharpiks ved Disseny Hub Barcelona.

Bordplater kan vera firkante, runde eller ha annan fasong. Dei kan vera av same materialet ein har brukt til å laga resten av bordet, eller vera dekte av eit anna materiale. Nokre bord kan gjerast større ved at ein set opp klaffar på sidene eller gjer det større i midten.

Lågt trebord frå Ming-dynastiet i Kina.

Bordplata kan stå på bordbein, bukkar eller ha ein annan type understell. Nokre bord, som tradisjonelle langbord, er laga ved at ein brei planke (bord) ligg laust oppå bukkane. Som oftast vil likevel plata vera festa i understellet. Bruker ein bordbein, er det vanleg å ha fire av dei, eller eit sentralt bein som spreier seg ut nedst. Det finst likevel mange andre variasjonar.

Høgda på bord kan variera. Ofte er dei laga slik at ein kan sitja på stol, benk eller krakk inntil. Andre er høgare slik at ein kan stå og bruka bordet. Det finst også lågare bordtypar, til dømes salongbord som ein kan sitja ved men ikkje heilt inntil, og fleire asiatiske bordtypar som ein sit ved på golvet.

Bord kan vera dekorert oppå bordplata, på sidene eller på understellet. Dei kan også ha plater, hyller eller liknande under bordplata. Ofte kan ein dekka til bord eller pynta dei med dukar.

Ei form for bord kan også vera del av andre møblar, til dømes kombinasjonsmøblar som bordkiste, bordstol og bordseng eller som små nedslåbare bord festa i seteryggar på transportmiddel.

Sybord av tre og stol ved Brede Værk i Danmark.
Bord og stolar i Annette's Diner, ein eteplass i Disney Village i Frankrike.
Spindle Table utform av Brad Ascalon for Ligne Roset.

Funksjon[endre | endre wikiteksten]

Hovudfunksjonen til eit bord er å danna eit forhøgd, plant underlag ein kan ha ting på. Dette held dei vekke frå bakken og gjer dei lettare å bruka. Tillaging og servering av mat er ein vanleg slik bruk, til dømes på matbord og kjøkkenbord. Bord kan også brukast til ulike typar arbeid, og arbeidsbord kan vera meir eller mindre tilpassa føremålet sitt. Teiknebord er til dømes eit bord som er spesiallaga for teknisk teikning, medan pultar er bord laga for bruk i undervising.

Bord kan også verka som eit samlingspunkt for sosialt samvær eller møte. I slike samanhengar kan det også brukast til å uttrykka status. Til dømes kan det å sitja for høgenden av eit bord, eller ved eitt hovudbord av fleire bord, knytast til høg status. Det runde bordet til kong Artur eller rundbordssamtalar er døme på å symbolsk gje lik status til alle som sit rundt eit bord.

Nokre stader finst det bord med varmefunksjon, til dømes kotatsu-bord frå Japan. Liknande bord er også kjende frå Sentral-Asia (korsi i Iran og sandali i Tadsjikistan og Afghanistan) og Spania (mesa camilla eller berre camilla).

Backgammonbord.

Bord kan brukast til ulike typar spel, og nokre bord er spesiallaga for særskilde spel, leikar eller idrettar. Tradisjonelle spelebord kan vera kortspelbord, sjakkbord, biljardbord, couronnebord og liknande. Nyare døme er bord utstyrte med fotball- eller ishockeyspel. Eit bord er også ein viktig del av bordtennis.

«Bord» i namn[endre | endre wikiteksten]

Det spanske ordet for bord, mesa, har gjeve namn til ein type fjellandskap som liknar bord. Enkeltfjell kan også kallast opp etter bord, som Table Mountain/Tafelberg i Sør-Afrika og The Table/La Table i Canada.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Bord