Langenegg
Hopp til navigering
Hopp til søk
Langenegg er ein kommune i Bregenzerwald i forbundslandet Vorarlberg i Austerrike. Kommunen, som høyrer til distriktet Bregenz, dekker eit areal på 10,5 km² og hadde 1177 ibuarar i 2016. Han omfattar grendene Oberlangenegg og Unterlangenegg. Kyrkjestaden i Langenegg ligg 700 meter over havet, om lag 10 kilometer aust for distriktshovudstaden Bregenz.
Landbruk er hovudnæring i Langenegg. 55 % av landarealet i kommunen vert nytta av landbruksnæringa. 39 % av arealet er skogvakse.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Langenegg» frå Wikipedia på tysk, den 2. mai 2016.