Bregenz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bregenz
Utsyn mot Bregenz frå Pfänder.
Utsyn mot Bregenz frå Pfänder.
Styresmakter
Land
Delstat
Austerrike
Vorarlberg
Geografi
Flatevidd
 - By

29,51 km²
Innbyggjarar
 - By (2001)
   - folketettleik

26 752
  907/km²
Koordinatar 47°30′″N 9°44′″EKoordinatar: 47°30′″N 9°44′″E
Høgd over havet 400 m
Diverse anna
Postnummer 6900
Telefon-retningsnummer 05574
Bilnummer B
Nettstad: www.bregenz.at
Plassering
Lokasjon av Bregenz
Lokasjon av Bregenz

Bregenz er hovudstaden i Vorarlberg, den vestlegaste delstaten i Austerrike. Byen ligg ved breidda av Bodensjøen, den tredje største innsjøen i Sentral-Europa.

Byen ligg på den austlege sida av Bodensjøen, på eit platå ved foten av fjellet Pfänder. Byen er eit knutepunkt mellom hovudvegane frå Rhindalen til dei tyske alpine lavberga ved foten av Alpane. Frå her går det òg ferjer på Bodensjøen.

Bregenz er kjend for ein musikkfestival som vert heldt kvar sommar kalla Bregenzer Festspiele.

400-talet fvt. reiste keltarane festninga Brigantion her. Romarane erobra byen i år 15 f.Kr., og han vart den romerske handelsstaden Brigantium. Byen vart lagd i ruinar i 260 av alemannarane, eit germansk folk som busette seg i området rundt år 450. Byen høyrde til fleire familiedynasti før han vart seld til Habsburg i 1523. Frå 1805 til 1814 var byen ein del av Bayern, før han kom inn under austerriksk styre.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bregenz