Langenes kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 69°1′8″N 15°9′21″E

Langenes kyrkje
kyrkje
IMG 1430a - Langenes kirke.jpg
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Sør-Hålogaland
Prosti Vesterålen
Sokn Øksnes
Fellesråd Øksnes
Innvigd på 1500-talet
Sitjeplassar 270
Wikimedia Commons: Langenes kirke

Langenes kyrkje ligg på Langnes i Øksnes kommune og sokn i Vesterålen prosti. Kyrkja er ei krosskyrkje i lafta tømmer med 270 plassar. Byggeåret for kyrkja er ukjent, sannsynlegvis tidleg på 1500-talet. Den er den eldste bevarte kyrkja i Vesterålen. Det er mogleg at kyrkja opphavleg vart bygd på Gisløya, litt lenger sør i kommunen, og seinare flytta til Langnes. Kyrkja fekk sitt første orgel i 1868.

Bautaen ved Langenes kyrkje, juli 2006

På ei høgd ved kyrkja står ein bauta til minne om fiskarar i Langenes som er omkomne på havet. Bautaen vart reist i 1944, etter initiativ frå Langenes Fiskarlag. På baksida av steinen er 51 namn hogde inn.

Det fanst tidlegare ei Langnes kyrkje i Tana i Finnmark, men den vart brent av tyskarane i 1944, og ho er ikkje bygd opp att.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]