Bauta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Minnestøtta på grava til Ivar AasenVår Frelsers gravlund i Oslo er ein bauta
Foto: Chris Nyborg
Bauta frå 1914 ved Solvorn skule med namna på alle frå Solvorn sokn som fall i ufredsåra 1808-1814.

Bauta er ein avlang og som oftast tilhogd stein reist på høgkant og vanlegvis utstyrt med bilete og/eller innskrift som syner kvifor steinen vart sett opp på staden. Bautaer er ofte minnesmerke over avlidne som har gjort mykje for land eller folk, eller markerar stadar der det har gått føre seg hendingar som har hatt mykje å seie for eit land eller ei folkegruppe.

Avlange og meir eller mindre flate (og som oftast utilhogde) natursteinar som vart reist på høgkant i forhistorisk tid, og som vanlegvis er utan innhogd bilete eller innskrift, vert i arkeologisk litteratur kalla bautastein.