Langfjorden i Gamvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Langfjorden (samisk Lákkovuotna) er ein fjordarm av Tanafjorden i Gamvik kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 24 km sørvestover til grenda Langfjordbotn.

Fjorden har innløp mellom Langfjordodden i vest og Digermulen i aust. Nord for Langfjordodden går Hopsfjorden vestover. Langfjordnes er ei bygd på vestsida av fjorden. Bygda har ikkje vegsamband til resten av kommunen. Storholmen er ein holme som ligg på nordvestsida eit stykke inn i fjorden. Vest for denne holmen ligg bygda Nervei og heller ikkje denne har vegsamband. Søraustsida av fjorden er ikkje utbygd. Koordinatar: 70°41′12.422″N 28°3′7.9776″E