Langfjorden i Skjervøy

Koordinatar: 70°2′46.122″N 20°31′1.0848″E / 70.04614500°N 20.516968000°E / 70.04614500; 20.516968000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

70°2′46.122″N 20°31′1.0848″E / 70.04614500°N 20.516968000°E / 70.04614500; 20.516968000 Langfjorden er ein fjord på sørsida av Arnøya i Skjervøy kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 8,5 km nordover til Langfjordbotn.

Fjorden har innløp mellom Innerbergneset i vest og Haugnesodden i aust. Grenda på austsida av fjorden heiter berre Langfjorden og er tynt befolka. Den vesle grenda Akkarfjord høyrer saman med grenda Akkarvik og ligg på vestsida av fjorden ved innløpet. Frå her går Akkarvika nordvestover og inn til bygda Akkarvik. Vidare innover i fjorden er det særs få busetnader.

Fv347 går langs heile austsida av fjorden, medan Fv348 går langs vestsida.